Fretnad
Adresse og reisetips
Adresse for festivalen er Valsøyvegen 100, 6687 Valsøyfjorden. Du lyt taka buss, båt, beina eller automobilen fram om du tenkjer koma deg hit. Bruk din føretrekte reiseplanleggjar, som http://www.entur.no, http://www.frammr.no eller http://www.atb.no.
Kart yver naudsynte anlegg og anna

Soga um Næverfestivalen
Brått tek det til å myldre. Køyrety etter køyrety veltar inn Valsøygrindene, merkte med skilt frå fjern og nær. Folk lessar av, traskar ned ekra med oppakning som um dei skal feste bu, og vågar seg på den knirkande trebrua over til Lamholmen. Der vert telt slegne upp i flokk. Nokre kjem siglande i geit- og åfjordsbåtar som skikkelege folk, andre driv i land i ymse farkostar som fantepakk. Kvifor?
– Av di det er Næverfestival.
Kva i heitaste mølsgrauten er det? Ein fest for næver, bjørkeborki sitt ytste lag? Lågt heng det, tenkjer du.
Du tek feil. Finn ut kvifor her: Soga um næverfestivalen








