Friviljug
Næverfestivalen hoppar ikkje opp frå eit hól i bakkjen, klappar i hendene og POFF så vert det festival. Ei heller snik han seg ned att i hólet idet storbålet andar ut frampå sundagskvisten. Nei, visseleg ikkje. Han vert laga av deg og meg.
Brett opp ermene, dreng og dråk – her skal tak tekkjast!
Friviljug beist eller friviljug fe?
I år (2026) køyrer vi to friviljug-kastar. Vi treng
- beista: dei litt større rollene, som t.d. edruvakt ein dag (i tilfelle sjåførbehov), eller nedriggarar som lyt vere att i nokre dagar og hjelpe til å plukke ned. Desse får dekka heile festivitasen.
Dei litt mindre uppgåvene vert løyst av
- féane – som syter for slikt som kjøkkenhjelp, bosshandsaming og bæring av ymse utstyr, ei påkravd økt (4 t) per hovud. Desse får billetten til halv pris (600 kr).

Døme på frivljug oppgåve: henge opp gardin framføre skitarstuggu
