Meir plan
Av og til er det kjekt å vita noko meir om artistane og planen før ein kauper seg åtgangssetel til festivalar. Nedanfor finn du dette, og meir skal det blive!
Funk For Forest er rein kraft proppa inn i ein særs listug og dansbar pakke. I tvo år hev klubbfenomenet Funk For Forest sett eld på fullstappa dansegolv på salsstader i Oslo, og skal no taka med seg sitt utanomfjordslege samdrag av jungelfunk, disco og afrobeat (det hev ikkje lykkjast oss at umsettje dei her umgrepa, men det er her tal um synkoperte og dansbare rytmar) til Næverfestivalen. Åtte-mannslagget tek deg med frå fengjande blåseliner til stram funkgitar, forbi djupe bassrytmar og til brennheite tromme- og slagverksbrekk med eit ynskje um å gje tilhøyrarane kronisk råkkefot. Gle deg til ein kraftfull framsyning med frid, sveitt dansemusikk!
Dei spelar i låven på laugardagen


Spis og spel på same sau! Bendik Smedåsgjelten Qvam held kurs i tilverking av beinfløytar og bukkehorn.
Han er instrumentmakar og mangeinstrumentalist og leikjer på slike ljodførsleverk som gitar, bukkehorn, seljefløyta og fela. Han er ein tradisjonsberar av musikken og instrumentmakarkulturen i Nord-Østerdalen. I 2021 gav han ut sitt fyrste album «Fark», og i 2025 albumet «Stråk» saman med folkesongaren Synnøve Brøndbo Plassen. For den sistnemnde plata vann dei Spelemannsprisen i klassa tradisjonsmusikk.
Med Guds hjelp vert der ei lita uppvisning i ljodlist med urinstrument med!
Til gledje fyr oss og til skrækk fyr all motten som bur stokkane i låven: Kanaan kjem og lagar rabalder hjå Næver’
Trioen Kanaan hev dei siste ti åra bore fram hugvrengjande og mangslungen råkk av høg ætt, båe på scena og på plate. Med ni plateutgjevingar og hondrevis av konsertar i ymse land, hev trioen fenge høve til å gjera seg kjend som eit livskraftigt, skapande og eldfult tilskot til råkkescena.
Dei hev vunne Spellemannprisen i råkk, gjeve ut heilt improviserade plator og samsvarande konsertar, og dessutan halde fleire vekelange hovudturnear på det europeiske fastlandet.
Når trioen kjem hjå Næverfestivalen, kan dei lova eit ovsterkt sett med ny og gamal musikk frå ein tjukk katalog – alltid med eit improvisatorisk tilsnitt, eit vanvittig samspel, kraftfull eldhug og ei stor og smittande spelegledje.
Det gjeng ned i låven på fredagen

