SOGA UM NORSK NÆVERFESTIVAL
Norsk Næverfestival er vigd tvo ting: næver og Nordmøre. Næver, av di oss kvar sumar driv med neverløyping som galningar i skogen. Nordmøre, av di det er der verda framleis heng saman. Resten kan taka seg ein kråkebolle.
Men sanningi: dette er fridomen vår. Ei helg der nævergutane slepp sevje, slit og småkutt, og fær att pusten. Samstundes dreg me vener, kjenningar og anna lauslyndt folk inn i eit miljø som luktar jord, eld og arbeid – der noko vert gjort, ikkje berre snakka sund.
Sjå det fyre deg: berrbeinte tullingar i bøttehattar og Løyp-luer, bål som slær upp som domedagsvarslar, sau som snurrar på spjot, båtar som både flyt og brenn. Dagtid: handverk, sveitte, mat frå mold og fjord. Nattetid: pønk, dans og dunk i naust, løe og skog. Folk gjeng frå felegnikk til moshpit som var det same svingomen, flettar korg, spenner vidje og kastar seg i fjorden med solsvidd skinn, utan skam.
Byrjingi
Kring 2010 var ein flokk gutungar på arbeidsleir hjå bestefar, Jon Bojer Godal. Ljå, lur – og næverløyping. Det beit seg fast som faen. År etter år kom dei att, løypte, lærde og tente nokre klingande myntar.
Til slutt stod Åsmund att. Dei andre fall frå som lauv um hausten. I 2017 small det: eit skjebnetreff på folkehøgskule, der han og Endre deisa saman som flint mot stål. Sumaren etter var dei husmenn på Jakobstua (no Næverland), med klatreparkarbeid, eit óv av planar – og ei forlaten røykbadstove på Kjøløya som skreik etter skikkeleg tak.
Dei visste kva som trongst. Næver.
Endre fekk tollekniven i handi – og ei uppvaking i skallen. Næverfrelst på staden. Dermed vart det skipa verksemd, og ho vaks seg snøgt feit um hjartet. Sumrane gjekk med til å skjera, samla og stabla. Tonn på tonn. Næver til tak kring um i landet. Til skikkelege bygg, utan plastskvip frå havsens botn.
So small det
I fleire sumrar budde næverlaget på Jakobstua på Valsøya og reinska bjørkeskogane rundtom som besette. So óg ved jonsokleitet 2021, då storbonden baud fram slåttegraut på jordet. Eit óvdigert bål med gamal geitbåt på toppen vart uppkveikt, og drykk rann som sevja. Tuba, trekkspel og nordmørsfelegnikk.
Tvo år fyreåt hadde odelsjenta Runa halde sitt kvarthundreårslag mest på same viset. “Burstifestivalsøya” hadde sau på spjot, etegilde i naust, båt på båre og kring to tylfter gjestar skliande rundt i støa framfor eit debuterande, fjordfostra «Driv Dank». Det festa seg i minna. Då jonsokbålet stod i vêret tvo år seinare, slo alt i hop og trefte Endre i skolten som ljon frå klår himmel.
“Dette lyt verta festival. Norsk Næverfestival!”
Og so vart det.
2022: skral, men stolt
Fyrste året skrapa Endre og Åsmund ihop nokre vener til fyrste framstøyt for festivalskipnaden. Jomfruturen vart heller innhaldslaus. Inkje konsert, inkje heidersgjest, inga næver. Men vi hadde sterk lut lell: sol over fjord, sau på spjot, båt på bål, sildrande drykk og kring førti sjeler som heldt fart i laget. Det sto prøva si, so vidt. Men beinet laut få meire kjøt.
2023: no riv det
Runa vart med, tok gutane i øyra, og kaliberet auka. 120 menneske. Kurs i flekking og fletting, badstove på gamlemåten, segling, dans, kokegrop og heilsteikt heimesau. Naustet stod og sveitta av ljod, ljos og damp, medan pønk og anna styggedom small frå scena. Folk stampa golvet skeivt og kalla det kunst.
2024–2025: fullt køyr
Hallvard heiv seg inn i laget, og området vaks: løe, holme, bru. Ei eiga “Halsa kommune” vart kløyvd ut på andre sida – med øks, tau og høveleg forvirra ordførar. Brua knirka, men flatlusfela overdøva, og folk strøymde yver som galdt det frelsa.
I 2025: yver 200 sjeler. Nattklubben “DunkelDunk” midt i tettaste granskogen: fluoriserande skallar, plastgraffiti og litt for mange diskjokkarar som nekta å gje seg. Det heile vart stogga fyrst då storbonden kom marsjerande med hagesaks i femtida for å klyppa straumen. Då tagna det. Enn so lenge.
Næver for æva
Dette er ikkje berre gjøn og fyll. Det er ein møtestad. Her gjer folk noko som bit: lagar, byggjer, ét mat dei veit kvar kjem frå, ser kvarandre beint i auga. I ei tid full av tomt skval er dette reint gull. Rein næver.
Og ein djevelsk god fest.
