På føremiddagen på fredagen tek vi ei pause saman på berget og let Johanna og Sara svøpa oss i sin salige song.
Desse dråkane veit å kisle ein sjelesnortun med røsta si. Dei vil vugge oss millom sjangrar som americana, jazz, pop og rock, med nære og hugstrjukande tekstar. Johanna Reine-Nilsen er aktuell med den dampande ferske skiva «Another Joan». Ei sæl og uptimistisk skive med tekstar um samhug, kjærleik, angest og ørvæna. Sara Fjeldvær gjer sin tredje konsert hjå Næver’n. Sidan sist har ho sloppe albumet «Love and Other Songs», og fleire singlar. Seinast låta «Praise». Sara skipar til heilsam hyrdestund millom ho og publikum, med båe trøstande og konfronterande tekstar.
Bælgenesset på fredagen.


