Med guds hjølp vert det spilt blod i mosegropa i år au
WRATH smider saman tonar frå den myrke sida tå prog-metal med det uslipte og røffe frå grungen, og søkkjer det heile i djup återklang. Saman bind dei vreide og mjuke kjenslor, brak og takt til ein atal, rå og seidande trolldrykk.
Fyr den eldfulle framsyninga si på golvet og den sêrmerkte takta si, er WRATH vorte eit velkjent (ok)kult-namn i norsk råkkepunngrunn og metallkretsar. Dei siste åra hev dei samla kring seg ein liten, men trufast flokk fanatikarar.
WRATHs eige ljod kan høyrast på songarne «Blóð Máni» og «The Glade», som vann god hugnad hjå mange i den norske punngrunnen. Saman med ein trolldomsfull bilæte-song førde dette til semja med Dark Essence Records, fylgjespel for Witch Club Satan og fyrste ferdi yver landegrensor i 2025.
Hausten 2026 kjem den fyrste skiva deira, «The Revival».
WRATH er gode å høyra på skiva, men endå betre på golvet. Når dei no endeleg legg leid frå Vestlandet, er dette ei samkoma ingen med hug til tung tonelist bør lata ganga frå seg.
Vil du varma deg upp til Næverfestivalen, so sjå og høyr «The Glade» av WRATH her:

NB: Alle med kniv hev at levere han i baren før dei sleng seg i mosegropa.

