Næverfletting med Næverkjerringa Inger Myhran

Flett deg fri frå samheldets hugtyngjande trengsel! Korg, kopp eller kremasjonsurne? Inger Myhran lærar fingrane dine kunsten✂️

Kva er Næver’n utan næver? Ikkje noko. Kva er næver utan oss? Berre bork. Mogleg det utgjer noko, men ikkje ei korg!

Røsk fingra frå tastaturet og gje dei hen til næverremsa. Saman sett vi eld uppuinn eige skaparkraft, og flettar, skjêr og tvinnar, medan meister Myhrans vaktsame auge vakar yver oss. Ho selg òg eige neverfletta produktar!

Det vert moglegheit for fingerfrydande flytting båe fredag og laugardag, millom nonsmat og middag.