Fälaren

Låt Fälaren marinera deg i den legemskakande og sjelesnurtpirrande smørja si av skoglaning og hugvrengjeri!

Fälaren er den fyste folkgaze-gruppa i Noreg, og den sereigne samryøra deira av shoegaze (skoglaning), psykedelia(hugvrengjeri), jazzrock(???) og folketonar hev allereie, med berre få framsyningar, vakt merksemd hjå båe publikum og musikkbransja.

Gruppa skapar eit nytt toneslag som skil seg ut i dagens musikkliv. Fälaren hev til no gjeve ut fleire einsamsongar, og slapp si fyste langplate, Ljora, den 26. mars 2026, hjå Apollon Records

Um du likar slike gruppar som Sigur Rós, Valkyrien Allstars, Motorpsycho eller Khruangbin, så vil du bestemt fengjast av musikken til Fälaren.

21.00 på laugardagen, i låven.

Oppdag mer fra NORSK NÆVERFESTIVAL 9.-12. JULI 2026

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese