Atter skal låvegolv knaka tryglande om miskunn frå ivrige danseføter, og atter skal hjernebork vriast når nye rørsler sprøytast inn i lekam og hug
Fysst på fredagen kjem nordmørsstut og stordansar Rune Hannem for å tvinge den stadeigne Todals-polsdansen inn punn deltakarhuda. Det er berre å heite upp tjukkleggen med det same.
Utpå eftan gjev nævergut Åsmund ei innføyring i korleis halde seg flytande på dansegolv der meir verdslege tonar rår. Støyt fram på golvet for ei real kule med reinlender, pols og klubbgangar.
Laugardagen vert lærdomen sett på prøve, når tonar frå Nordmøre og Flatlusa spelemannslag, samt nokre kjende ringrevar og anna fantepakk, med skyts som beinfløyter, bukkehonn, feler, munnharper og platejokk gjev arbeid åt lemmane dine.
⏰Polsdans m/Rune: Låven, fredag kl 11
⏰Reinlender, pols og klubbfolk m/Åsmund: Låven, fredag kl 16
⏰Dans i Grua, laurdag kl 17

